Over 150 personar vart fenga av Ivar Aasen

Markblomar i Iver-garden.

Det har truleg aldri vore så mange i tunet i Iver-garden i Ramstaddal, som søndag 21.juni. Med godt ver, gode aktørar og mykje folk vart dette ein triveleg ettermiddag for dei frammøtte.

Kjell Løseth sine skildringar av botanikaren, diktaren og veslebroren til Ingeborg Melseth, stimulerte både til latter og ettertanke.

Det vart både  plantar og ord i Ivar Aasen sine fotspor. 

Ingunn Hole Hunnes deklamerte "Tausakjærings-Vise" frå "Fem Viser i søndre Søndmørs Almuesprog" (1842). Allsongen fekk tonefølgje av Knut Kjell Fure på trekkspel.

Turen til Løkedalsnakken vart krydra med natursti for borna og ordtak for dei litt større. Etter botanisk feltarbeid leia av Rolf Haxthow, vart det kaffimat og underhaldning på Løkedalsnakken. Mellom anna spela Per Svein Tandstad nokre tussefløytestubbar.

Frivilligsentralen stillte med Oscarbilen, som køyrde mange eldre opp til Løkedalsnakken.

Kva skjer?

6.-7.mai: Fuglesong i grisotta
Kurs for lærarar i Sykkylven.
Les meir

25.mai: Seljefløytespikking i Straumgjerde, Folkestien.
Les meir

12.-13.juni: Sykkylvsdagane - bogeskyting, kokegrop og andre jernalderaktiviterer på Auremarka.
Les meir

16.juni-19.august: Sommarope museum. Tysdag, onsdag,torsdag 12.00-16.00. Nytt: mammut-tann.
Les meir

22.august: Stølsturen på Auresætra i Sunndalen. 
Les meir

2.-5.september: Naturhistoriske dagar 2010.
Program og omtale av arrangement.
Les meir


Fugleliv og dyreliv
- ny artikkelserie

Sykkylven Naturhistoriske Museum har fått ornitologane og naturkjennarane Karl Johan Stadsnes og Alv Ottar Folkestad til å lage ein artikkelserie for oss om fugleliv og dyreliv. Dei vil fortelje om nokre fugle- og pattedyrartar som vi kan treffe på i nærmiljøet vårt no utover vinteren. Ein ny artikkel blir presentert annakvar veke.


Dyreliv denne veka

Hare

Foto: lokus123/naturbildebasen
Tekst: Alv Ottar Folkestad

Les meir om haren


Les meir om