Bli med på fuglekasse-snekring 17.mars

Våren er på veg, fuglane syng, trekkfuglane har starta vegen mot nord og egglegging står for døra. Det er på høg tid å få opp fuglekasser!

Tid: Tysdag 17.mars kl 18.00
Stad: Speiderbo
Ta med: Hammer (merka med namn)

Legg turen til Speiderbo!

 

I samarbeid med Speidarane i Sykkylven inviterer vi til snekring av fuglekasser.

Vi skal vere på uteområdet ved Speiderbo. Museet held med material, spikar og noko varmt å drikke.

Styret for museet og speidarane stiller opp og hjelper til med snekringa, og så er vi så heldige å få hjelp av biolog og hobbyornitolog Karl Johan Stadsnes. Han er stiller som vår fagmann denne kvelden. Han vil også vise oss nokre andre fuglekasser som høver til større fuglar.

Alle får ta med den ferdige fuglekassa heim! Etterkvart som folk får fugl i kassene sine, håper vi at vi får tilbakemelding på kva art som har flytta inn. Dei som sender inn slike opplysningar, får bli med på ei trekning om tre premiar. Trekninga vert gjort til sommaren.

Bli med og hjelp småfuglane med bustad!

Her kan du laste ned  "Melding om innflytting".

Kva skjer?

6.-7.mai: Fuglesong i grisotta
Kurs for lærarar i Sykkylven.
Les meir

25.mai: Seljefløytespikking i Straumgjerde, Folkestien.
Les meir

12.-13.juni: Sykkylvsdagane - bogeskyting, kokegrop og andre jernalderaktiviterer på Auremarka.
Les meir

16.juni-19.august: Sommarope museum. Tysdag, onsdag,torsdag 12.00-16.00. Nytt: mammut-tann.
Les meir

22.august: Stølsturen på Auresætra i Sunndalen. 
Les meir

2.-5.september: Naturhistoriske dagar 2010.
Program og omtale av arrangement.
Les meir


Fugleliv og dyreliv
- ny artikkelserie

Sykkylven Naturhistoriske Museum har fått ornitologane og naturkjennarane Karl Johan Stadsnes og Alv Ottar Folkestad til å lage ein artikkelserie for oss om fugleliv og dyreliv. Dei vil fortelje om nokre fugle- og pattedyrartar som vi kan treffe på i nærmiljøet vårt no utover vinteren. Ein ny artikkel blir presentert annakvar veke.


Dyreliv denne veka

Hare

Foto: lokus123/naturbildebasen
Tekst: Alv Ottar Folkestad

Les meir om haren


Les meir om