Humler med suksess under Naturhistoriske dagar 2008
Tett opp under 200 personar har vore innom årets 3 arrangement.
Torsdag
var det liv og røre i museumslokala der Margrethe Velle Ødegård og Heidi Smørdal gjorde stor suksess med forestillinga "Det humler i sivet". Dei to humlene fekk små og store med på både å song og drama. Ei skikkeleg hyggestund.
Laurdag
vart både døde og levande dyr studert nøye hos taxidermist Stein Ivar Bakka på Velle. Kona Marit laga "pelsugler" av saueskinn og glasauger til alle barn, og nokre vaksne. Elles vart det naturquis, mating av ender og geiter, og mange rare spørsmål om preparering i verkstaden.
Søndag
På søndagens tur til Rømerhornet kunne deltakarane ause uhemma av Alv Ottar Folkestad sin imponerande naturkunnskap. Ordførar Jan Kåre Aurdal var med heilt til topps, der han informerte kort om Statnett sine trasèalternativ for den store nye kraftlinja Ørskog-Fardal. To av trasèalternativa går over Rømerhornheiane. Det eine, som kommunen har gått inn for, går ved foten av Rømerhornet. I følgje Aurdal er det dette alternativet som vert det minst synlege i terrenget. Begge alternativa vil gjere uboteleg skade, så sjøkabel mot Ørsta og Volda er mest ønskjeleg for Sykkylven. Ordføraren var svært glad for at Industrilaget også engasjerer seg i saka, og at ein no arbeider for å få tilsett ein person som kan imøtegå den propagandaen som Statnett har ført i pressa i sommar. Det vert no også arbeidd for at fleire nærliggjande kommunar skal semjast om ein felles strategi for vidare framdrift i saka og påverknad av sentrale politikarar.



