Velkomen til Sykkylven Naturhistoriske Museum
- det einaste i sitt slag i Møre og Romsdal- vart oppretta i 1979.
I juni 1992 opna museet dørene til nye lokale på vel 400 kvm, som ligg i Elvetun-bygget på Vik i sentrum av Sykkylven.
Museet si unike samling inneheld 270 dyr og fuglar frå Noreg og Svalbard. Mellom anna: Isbjørn, moskus, elg, gaupe, ulv, ugler, ørner og falkar.
Preparering og utstillingsarbeid er gjort av taxidermist Stein Ivar Bakka og Torleif Åsmo. I samarbeid med kunstnaren Stein-Kåre Nygård har dei lukkast i å lage naturtrue montrar med vegetasjon og kunstmåleri. Denne utstillingsforma plasserer dyra og fuglane i sine rette element. Fuglefjell, våtmarksbiotop og landskap frå høgfjellet er nokre døme på det.
Kom og opplev eit profesjonelt arbeid utført av lokale kunstnarar!



