12. og 13. juni - Jernalderaktiviteter på Auremarka

Heidi Haugene serverer her fisk kokt i kokegrop.
Foto: SSM-Godøy Kystmuseum

Under Sykkylvsdagane vil arkeolog Heidi Haugene frå Godøy Kystmuseum stå for jernaderaktiviteter saman med Sykkylven Naturhistoriske Museum.

På Auremarka kan besøkjande få prøve bogeskyting, lage skinnpose, risse runer eller smake på mat tillaga i kokegrop eller på planke på skikkeleg jernaldervis.

Vi set fokus på dei mange jernalderfunna som er gjort i Sykkylven. på Auremarka er det funne spor etter eitt av dei største husa frå førhistorisk tid i Noreg. Huset er tidfest til omlag 400-500 e.Kr., og har vore 56-57 meter langt. Også funn frå Hamarset frå omlag samme tid, vert presentert.

Sykkylven Aktiv vil tilbereie lam i kokegrop, og Sykkylven Rideklubb står for riding og køyring med hest.

Ta turen bortom Auremarka
laurdag 12. mellom 12.00 og 16.00, eller
søndag 13.juni, mellom 13.00 og 15.00!

Her blir smak av jernalder både for kroppen og vitet.

Kva skjer?

6.-7.mai: Fuglesong i grisotta
Kurs for lærarar i Sykkylven.
Les meir

25.mai: Seljefløytespikking i Straumgjerde, Folkestien.
Les meir

12.-13.juni: Sykkylvsdagane - bogeskyting, kokegrop og andre jernalderaktiviterer på Auremarka.
Les meir

16.juni-19.august: Sommarope museum. Tysdag, onsdag,torsdag 12.00-16.00. Nytt: mammut-tann.
Les meir

22.august: Stølsturen på Auresætra i Sunndalen. 
Les meir

2.-5.september: Naturhistoriske dagar 2010.
Program og omtale av arrangement.
Les meir


Fugleliv og dyreliv
- ny artikkelserie

Sykkylven Naturhistoriske Museum har fått ornitologane og naturkjennarane Karl Johan Stadsnes og Alv Ottar Folkestad til å lage ein artikkelserie for oss om fugleliv og dyreliv. Dei vil fortelje om nokre fugle- og pattedyrartar som vi kan treffe på i nærmiljøet vårt no utover vinteren. Ein ny artikkel blir presentert annakvar veke.


Dyreliv denne veka

Hare

Foto: lokus123/naturbildebasen
Tekst: Alv Ottar Folkestad

Les meir om haren


Les meir om