Hare
(Lepus timidus)

Foto: lokus 123/naturbildebasen
Tekst: Alv Ottar Folkestad

Utsjånad: Kroppslengde 52-60 cm, halelengde 5-7 cm. Vekt 2,5-5,8 kg. Spenstig kropp med lange, kraftige bakbein og korte frambein, lite, rundt hovud med store augo og lange øyrer som står opp. Om sommaren er haren brunleg i variantar mellom relativt varm brungrå til temmeleg mørk brunleg. Undersida er kvit. Om vinteren er dei fleste harar reint kvite, men ein lyst blåleg gråkvit vintervariant (ofte kalla ”jærhare”) finst i låglandet lang kysten i sør og er ei tilpassing til snøfattige leveområde. Øyretuppane er svarte heile året. 

Leveområde: Vår hare (”skogshare”, ”nordhare”, ”fjellhare”) kan finnast over alt, men først og fremst i høgareliggande skogs- og fjellområde, både over og under skoggrensa. Arten er innført til mange øyar langs kysten frå sør til nord og kan på slike stader finnast i svært tette bestandar. Særleg attraktive område er stader med frodig og variert markvegetasjon og busker, gjerne sætervollar og randsoner inn mot dyrkamark og beite.

Levevanar: Haren er først og fremst eit skumrings- og nattedyr, men kan og vere på beite på dagtid. Om dagen har han gjerne gøymeplass under ein tett busk eller i tett skog, over skoggrensa gjerne inntil tuer og steinar, eller i heilt ope terreng nede i holrom ved sida av/delvis under steinar og i urd. I skumringa kjem han fram og kan på groren tidleg på våren samle seg nærast flokkvis på dei tidlegaste engstykka. Haren er allsidig vegetarianar som sommarstid beiter på eit breidt spekter av gras og urter, på vinteren mykje på kvist og knoppar av ulike busker og unge tre, t.d. einer og vier. Dei ferdige ekskrementa ser ut som litt store, runde og tørre ”pastillar” av plantefibrar, men undervegs har haren slikka i seg tyntflytande, næringsrik og ikkje ferdig fordøya tarminnhald frå sitt eige, velutvikla blindtarmsystem. Under snøfall på vinteren er dei lite aktive, men markerer seg straks med spor når snøveret stoggar. I gode år startar kurtise og paringstid på ettervinteren og kan då lesast på rikelege dansespor på snøen. På barmark markerer slik aktivitet seg gjerne gjennom dottar av lausriven hareull der dyra har vore i kontakt med kvarandre.

Ungar:  Oftast 4-5, unntaksvis opp til 7, er fødde med tett pels og opne augo og ligg første dagane i eit enkelt leie, vanlegvis godt skjerma av vegetasjon. Dei er i stand til å hoppe rundt og ete litt kort etter fødselen, og ligg stort sett åleine medan mora beitar. Dei får mjølk fleire gonger for dag første tida, men er relativt raskt sjølvstendige og spreier i terrenget. I yngleår kan første kull kome i mars i låglandet, og med inntil tre kull i løpet av sommaren. Andre år kjem første kull i mai, og i dårlege yngleår er det både få kull og dårleg overleving av ungar.

Visste du at – haren er utsett for ei rekkje epidemiske sjukdomar, såkalla ”harepestar” som kan slå ut store delar av bestanden på kort tid? Det kan føre til store variasjonar i bestandane. Etter toppår er det gjerne dramatisk nedgang i bestanden, utan at det er fare for arten på sikt.

Kjelder: Wollebæk (1927), Wildhagen (1956), Van den Brink (1958).

Kva skjer?

6.-7.mai: Fuglesong i grisotta
Kurs for lærarar i Sykkylven.
Les meir

25.mai: Seljefløytespikking i Straumgjerde, Folkestien.
Les meir

12.-13.juni: Sykkylvsdagane - bogeskyting, kokegrop og andre jernalderaktiviterer på Auremarka.
Les meir

16.juni-19.august: Sommarope museum. Tysdag, onsdag,torsdag 12.00-16.00. Nytt: mammut-tann.
Les meir

22.august: Stølsturen på Auresætra i Sunndalen. 
Les meir

2.-5.september: Naturhistoriske dagar 2010.
Program og omtale av arrangement.
Les meir


Fugleliv og dyreliv
- ny artikkelserie

Sykkylven Naturhistoriske Museum har fått ornitologane og naturkjennarane Karl Johan Stadsnes og Alv Ottar Folkestad til å lage ein artikkelserie for oss om fugleliv og dyreliv. Dei vil fortelje om nokre fugle- og pattedyrartar som vi kan treffe på i nærmiljøet vårt no utover vinteren. Ein ny artikkel blir presentert annakvar veke.


Dyreliv denne veka

Hare

Foto: lokus123/naturbildebasen
Tekst: Alv Ottar Folkestad

Les meir om haren


Les meir om