Ekorn

Foto: Jan Ove Gjershaug
Tekst: Alv Ottar Folkestad

Utsjånad: Kroppslengde 195-280 mm, halelengde 140-240 mm. Vekt 230-480 gram. Kroppen er spenstig og skapt både for den eksplosivitet som trengs når ekornet skal hoppe frå tre til tre, og for å forme seg til ein ”flytar” på luftstraumane.

Vi oppfattar det gjerne litt menneskelikt når ekornet sit på sine kraftige bakføter med framføtene som små armar med tydelege fingrar, fire i talet, og ein tommeltott redusert til ein negl som held maten omtrent som eit lite barn sitjande pent og ete. Dette, saman med dei store, runde augo og eit nett og rundt hovud, ikkje så reint lite ”babylike”, gjer at vi menneske er svake for ekornet. Når buskehalen er fint krulla opp som eit spørjeteikn langs ryggen, skal det mykje til å stå imot ein slik sjarmør i dyreverda. Rask i snuen og kjapp til beins anten det er opp og ned langs trestammer, utover greiner, eller om det av og til er på jorda, understrekar ein tiltalande, liten rakkar.

Vakkert raudbrun om sommaren, mjukt gråleg og lodden om vinteren, heile året rundt med krittkvit, skarpt avteikna underside. Jau, ekornet høyrer definitivt til dei tiltalande små hårkledde rundt oss. Hannen er kraftigare og meir maskulin enn hoa, men elles vanskeleg  å bestemme til kjønn.

Leveområde: Er knytt til skog, og nøtteberande tre som hassel, bøk og eik er ideelt, men elles er barskogen med gran og furu like naturleg for ekornet. Tilpasningsdyktig som det er, kan ekornet gjerne bu nær innpå mennesket, også i storbyane, berre det er busker og tre i hagar og parkar. Dei kjem gjerne på fuglebrettet eller foringsautomaten.

Levevanar: Ekornet er eitt av dei få (einaste?) pattedyra i vår natur som er dagaktiv og har ei døgnrytme som liknar på vår eigen. Søv om natta i bolet sitt, eller ekornreir som det blir kalla, bygt av kvist i det ytre, tetta med ei kraftig kule av mose med inngang på sida, og fora med gras og bast, ull, dyrehår eller fjør og dun. Ynglereiret er meir forseggjort og betre fora enn dei enkle sommarreira. Ikkje sjeldan nyttar ekornet holrom i innhole tre, store fuglekasser eller i bygningar.

Når ekornet søv, krullar det seg saman til ein ball og dekker føter og ansikt med den langhåra halen som ”dyne”. Når det er i aktivitet, er det lange perioder oppe i trea, der det hoppar frå tre til tre. Om det er forfølgt, kan det hoppe ut frå stor høgde, spile seg ut og seile som ein basehoppar før det landar på jorda og pilar til neste tre. Allsidig i næringsval, med basis i plantekost, mykje frø og nøttefrukter, men også blomster og blomsterknoppar, eller insekt og av og til egg eller ungar av småfugl.

Ungar: Ofte 4, men kan variere frå 3 til 7. Dei er fødde nakne og blinde og er fullt hårkledde etter ca. ein månad i reiret. Eitt eller to kull i året, i gode år kanskje tre kull, og bestanden kan variere sterkt i takt med nøtteproduksjon eller frøår på bartre, gjerne med rundt 10 års mellomrom.

Visste du at – ekornet også  haustar nyper, men då berre ”nypegrisane” som er små nøtter, slik at ekornet opnar skalet på nypenøtta for å ta ut den vesle nøttekjernen?

Kjelder: Wollebæk (1927), Wildhagen (1956), Van den Brink (1958).

Foto: Jan Ove Gjershaug

Kva skjer?

6.-7.mai: Fuglesong i grisotta
Kurs for lærarar i Sykkylven.
Les meir

25.mai: Seljefløytespikking i Straumgjerde, Folkestien.
Les meir

12.-13.juni: Sykkylvsdagane - bogeskyting, kokegrop og andre jernalderaktiviterer på Auremarka.
Les meir

16.juni-19.august: Sommarope museum. Tysdag, onsdag,torsdag 12.00-16.00. Nytt: mammut-tann.
Les meir

22.august: Stølsturen på Auresætra i Sunndalen. 
Les meir

2.-5.september: Naturhistoriske dagar 2010.
Program og omtale av arrangement.
Les meir


Fugleliv og dyreliv
- ny artikkelserie

Sykkylven Naturhistoriske Museum har fått ornitologane og naturkjennarane Karl Johan Stadsnes og Alv Ottar Folkestad til å lage ein artikkelserie for oss om fugleliv og dyreliv. Dei vil fortelje om nokre fugle- og pattedyrartar som vi kan treffe på i nærmiljøet vårt no utover vinteren. Ein ny artikkel blir presentert annakvar veke.


Dyreliv denne veka

Hare

Foto: lokus123/naturbildebasen
Tekst: Alv Ottar Folkestad

Les meir om haren


Les meir om