Raudstrupe
|
Foto: NOF/ |
Utsjånad: Raudstrupen (14cm) er liten og brunaktig med ein rustraud hakelapp som dekker brystet, halsen og delar av ”ansiktet.” Har smale og lange bein som gjer den tilpassa fødesøk på bakken.
Levemåte: Er ein typisk skogs- eller skogskantart i utbreiingsområdet sitt. Den er relativt lett å kjenne att, og er eit flott syn når den dukkar opp på fuglebrett i den kalde perioden.
Føde: Et små insekt og edderkoppar i sommarhalvåret. Om vinteren forlet den insektdietten og livnærer seg i større grad av bær, frukt, og frø. Når det er mykje snø, oppsøkjer fuglane i større grad utlagt mat. Ofte vil ein einskild raudstrupe opphalde seg på same foringsplass gjennom heile vinteren.
Hekking: Lagar eit kuppelforma reirskål av lauv og gras i ein trestubbe, rotvelt, tett buskas eller hekk. Legg 5-7 egg i mai. Inntil 2 kull per sesong.
Lyder: Lokkelyd: korte harde tick. Når den er urolig vert desse tick-lydane drege saman til lange seriar. Songen innleiast med nokre høge, utdregne, vakre strofer som fell i tonehøgd utover i songen. Tempoet vekslar frå strofe til strofe. Innimellom kan ein høyre dei karakteristiske gnissande låtane.
På sida: Visste du at raudstrupen er tilpassa å følgje større dyr på deira ferd gjennom skog og mark og fange byttedyr frå den opprota jorda? Dette kan vere ein av årsakene til at raudstrupen kan komme tett innpå menneske når vi til dømes gjer hagearbeid med gravereiskap.
Tekst: Karl Johan Stadsnes
Kjelde: Norsk vinterfuglatlas 2006, Hume 2002, Svenson m.fl. 1999.
Foto: NOF/ Frank Steinkjellå




