Dompap

Foto: Lars Kapelrud
Tekst: Karl Johan Stadsnes

Utsjånad: Dompapen (16-17cm) er ein hekkande standfugl i Sykkylven. Er kompakt bygd med tyrenakke. Ganske tjukk kropp, relativt stort hovud og kort kraftig nebb. Hannen er lys raud på hals, bryst og buk, medan hofuglen gjev eit grålig inntrykk. Begge kjønn har eit breidt gråkvitt vingeband.

Levemåte: Hekkar i barskog og blandingsskog. Lett gjenkjenneleg grunna ein karakteristisk utsjånad. Vert ofte sett ved fuglenek og fuglebrett om vinteren.

Føde: Et ulike slags frø, knoppar og bær. Om sommaren tek den og ein del insekt. Det hjelper ungane å vekse raskt i reirperioden.

Hekking: Reirskål av kvister, fora med mose og gras, i busk eller tre. Legg 5-6 egg. Kan få 2 kull. Hekkeperiode April-Mai.

Lyder: Lokkelyd; låg, mjuk, klår plystring som fell i tonehøgde, pjuh - pjyu, Song; Ei fin blanding av lokkelydar og til tider låge gnissande og skrapande tonar.

På sida: Namnet kjem av at utsjånaden minner om dei raude draktene som middelalderens domherrrar (ty. Dompfaff) brukte. Visste du at dompap-par held saman heile året?

Tekst: Karl Johan Stadsnes.    
Kjelde: Hume 2002, Svensson m.fl. 1999, Brenden og Vedum 1998.
Foto: Lars Kapelrud/Birdview.

Kva skjer?

6.-7.mai: Fuglesong i grisotta
Kurs for lærarar i Sykkylven.
Les meir

25.mai: Seljefløytespikking i Straumgjerde, Folkestien.
Les meir

12.-13.juni: Sykkylvsdagane - bogeskyting, kokegrop og andre jernalderaktiviterer på Auremarka.
Les meir

16.juni-19.august: Sommarope museum. Tysdag, onsdag,torsdag 12.00-16.00. Nytt: mammut-tann.
Les meir

22.august: Stølsturen på Auresætra i Sunndalen. 
Les meir

2.-5.september: Naturhistoriske dagar 2010.
Program og omtale av arrangement.
Les meir


Fugleliv og dyreliv
- ny artikkelserie

Sykkylven Naturhistoriske Museum har fått ornitologane og naturkjennarane Karl Johan Stadsnes og Alv Ottar Folkestad til å lage ein artikkelserie for oss om fugleliv og dyreliv. Dei vil fortelje om nokre fugle- og pattedyrartar som vi kan treffe på i nærmiljøet vårt no utover vinteren. Ein ny artikkel blir presentert annakvar veke.


Dyreliv denne veka

Hare

Foto: lokus123/naturbildebasen
Tekst: Alv Ottar Folkestad

Les meir om haren


Les meir om