Lag din eigen LANGBOGE - 13.-14.februar
|
Arkeolog Heidi Albertinesdatter Haugene er ein av kurslærarane. Foto: SNM |
Rike funn av kulturminne fortel oss om stor menneskeleg aktivitet i sunnmørsbygdene, men også mykje naturhistorie. Mange spor etter fangstanlegg med dyregraver, ledegjerde og bogestelle, fortel om fangst av reinsdyr i førhistorisk tid. Særleg mange spor finn vi i Stranda og Norddal.
Vil du lage din eigen LANGBOGE, kan du bli med på kurs!
Kurset går over to dagar, laurdag 13. og søndag 14.februar
Pris: kr 1200,-/1300,- inkludert materialkostnader og 3/4 piler.
Kurset vert halde på sløydsalen ved Sykkylven Ungdomsskule.
Begrensa antal plassar.
Kurset vert avslutta søndag med innskyting/"villsvinjakt"!
Påmeldingsfrist: 4.februar
Informasjon/påmelding:
pr. telefon 97045640
pr. e-post: post@natur-museum.no
PROGRAM
Tid: laurdag 13.februar kl 10.00-ca 17.00
søndag 14.februar kl 10.00-ca 17.00
Kurslærarar: Skafti Helgason, Møre Frie Vikingar
Heidi Albertinesdatter Haugene, arkeolog SSM
- Lage ferdig ein langboge i heiltre med utgangspunkt i eit grovt tilskore emne.
- Lage ei pil sjølv (får også med 2/3 ferdige piler).
- Kursing i sikkerheit og skyteteknikk. Innskyting på ”villsvin”.
- Innføring i historisk bakgrunn for langbogen.
Ta med – om du har:
- Høvel
- 2 stk tvinger
Praktisk informasjon:
- Kvar kursdeltakar tek med seg lunsjmat etter eige ønske.
- Det vert servert frukt og kald drikke.




